Til toppen

Tre spørsmål til Tredje Venstre


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eg fekk ei politisk oppvåkning av å lese Magnus Marsdal og Bendik Wold si Tredje venstre (2004). Dei gav meg eit kart å navigere utifrå, og gjorde meg vaknare i motstanden mot marknadsliberalisme.

Men eg trur likevel at Marsdal og Wold si bok blir ein klokkealarm i den store samanhengen, for prosjektet deira har svakheiter på viktige punkt. Den kritikken og dei spørsmåla eg kjem med er godt meint. Eg ynskjer ein diskusjon som kan føre til ein meir framtidsretta og gjennomførleg versjon av dei ideologiske rettesnorene til Tredje venstre-bevegelsen.

Kan ikkje individualisme vere uansvarleg?

Marsdal og Wold vil få med seg unge menneske, og satsar på å vekke opp dei urbane individualistane kulturarbeidarar, journalistar, akademikarar, kunstnarar, studentar og andre interesserte.

Deira fyrste bud lyder handlar om individuell fridom: Venstresiden må være individualistisk. Kollektive løsninger er til for å gi individet økt frihet, s. 129. Det ligg eit verdisyn her som også blir rutinemessig formidla i Barne-TV på NRK: Du må vere snill med folk, ellers får du ikkje venner. Det er ikkje i seg sjølv viktig å vere snill, det er berre viktig fordi du då lettare kan få venner. Hjå Marsdal og Wold er det ikkje i seg sjølv viktig å gjere ein innsats for fellesskapen, du gjer det berre for å få auka fridom.

Den materielle blindskapen er det største problemet. Både i samfunnet der ute og i Marsdal og Wold sin teori føreset den noverande individualismen ei svært utstyrsorientert åtferd, med hyppig utskrifting av alle materielle deler. I historisk perspektiv er det eit fantastisk privilegium å ha ressursar til slik individualisert konsum som Nord-Europeiske land har på 2000-talet. Individualismen er dyr i drift, utan at Marsdal og Wold tek dette nemneverdig til følgje i sine politiske ressonement.

Teorien for en radikal individualisme er rett og slett ikkje materialistisk bevisst. Dei har ein kort kritikk av konsumerisme (s. 103) og siterer Bourdieu på at samfunnet må gjenskapast materielt kvar dag (s. 84). Men dei ser ikkje at den individualismen dei sjølve fremjer skaper for mange og for personlege goder, og at dette dessutan berre skjer i nokon delar av verda. Den unge individualismen ser ut til å vere eit privilegium utan plikter, fordi dei som nyter godt av den ikkje treng føle eit felles ansvar for eller styringsvilje overfor dei materielle ressursane dei forbruker.

Det er for lite utpeiking av individuelt ansvar hjå Marsdal og Wold. Den Nord-Europeiske individualistiske åtferda anno 2005 er ikkje nødvendig for å skape eit samfunn der folk lever i fridom, likheit og fellesskap. Den må motarbeidast og ikkje idylliserast, og folk må overtydast til frivillig å gå bort frå den.

Marsdal og Wold sitt slogan livsnytersosialisme (s. 161) framtrer som eit retorisk sjølvskot overfor einkvar som har økologisk ansvarsbevisstheit. Marsdal og Wold står i fare for å fremje ein så ressurskrevjande versjon av fridom at den kjem på kollisjonskurs med det framtidsretta sosiale verdigrunnlaget som Tredje venstre-bevegelsen må ha.

Det er også eit problem at teorien til Marsdal og Wold lett kan tolkast som eit carte blache for folk til å fortsetja med den noverande livsførselen sin, bortsett frå at dei har ei ny bok i handene mens dei gjer det. Marsdal og Wold krev ikkje offer av dei som vil stille seg bak initiativet. Dei seier at mennesket kan forandre seg sjølv gjennom å forandre samfunnet (s. 230), medan eg seier at det berre er hvis du kan forandre deg sjølv at du kan klare å forandre samfunnet.

Må Tredje venstre vere skeptisk til makt?

Tredje venstre mobiliserer fyrst og fremst til begeistring for protesten mot liberalisme. Marsdal og Wold er mykje flinkare til å kritisere det som er feil no, enn å argumentere systematisk for korleis endringar til det betre skal kunne gjennomførast. Dei seier lite som lesarane kan byrja å praktisere i kvardagen med enkle grep.

For å bli meir enn ord må eit politisk intiativ kunne omsetjast til handling av dei som les og høyrer om ideane. Marsdal og Wold foreslår ikkje ein aksjonsplan, ikkje eingong ein praktisk brukbar ideologi, og difor ringjer mine ideologiske varselsklokker igjen.

Ei viktig forklaring på denne litt svermeriske haldninga er den eksplisitte skepsisen til makt som dei gjev uttrykk for. Her er eit utdrag frå definisjonen på Det tredje venstre hjå Marsdal og Wold: Hva kjennetegner Det tredje venstre? Det ønsker i alle fall å være pluralistisk. Det vil være en bevegelse for demokrati. Og Det tredje venstre er skeptisk til makt. Erfaringene skremmer, og det gjelder kommunistpartienes Øst-Europa, den norske Ap-staten eller ANCs Sør-Afrika (s. 206). Ein annan stad talar dei hardt imot samfunnsreformatorar og deira planleggingsteknokrati (s. 185).

Men realpolitikk handlar om å forstå korleis menneskeleg åtferd kan kontrollerast gjennom organisering, og korleis konsekvensane av åtferda kan forutseiast. Same kva politiske verdiar du vil realisere er det heilt nødvendig å kunne samkøyre ein plan saman med mange andre. I ytterste konsekvens handlar politikk om å samkøyre og styre millionvis av menneske sine handlingar materielt og økonomisk, til dømes gjennom skattesystemet, måten bilvegar og jernbanelinjer er lagt på gjennom landet, og gjennom teknologiar for infrastruktur i heimen (straum, telefoni, kringkasting, breibånd). Planleggingsteknokrati er såleis ein heilt nødvendig del av eit moderne samfunn, og dei politiske ideologiane og partiprogramma som er i sirkulasjon.

I den grad det finst mangel på styringsvilje i Tredje venstre så er dét ein alvorleg skavank for prosjektet. Politisk engasjement handlar om å skjøne djupna i det faktum at du har moglegheit til å få makt over organiseringa av samfunnet, å anerkjenna at i eit demokrati kan du berre få slik makt viss du søkjer ei viss einigheit om felles mål, og så byrjar å handle konsekvent utifrå dette.

Berre ved å inspirere til slik realpolitisk samhandling blant enkeltpersonar kan eit politisk intiativ endre samfunnet i den retninga som verdisynet krev, og ikkje bli gløymt etter ei travel PR-bølge hausten 2004.

Kanskje me bør lage revolusjon i massemediene fyrst?

På eit punkt er eg heilt einig med Marsdal og Wold. Demokratiet i ein stat vert ikkje betre enn massemediene den har til å samkøyre det med. Marsdal og Wold framhever klart at demokratisk offentlegheit er viktig. Dei ser den som eit nødvendig koordineringssystem for samhandling blant innbyggarane (s. 142).

Det er viktig for den enkelte si politiske bevisstheit kva bilete av samfunnet som vert skapt i mediene, men samtidig har ho forsvinnande liten innflytelse over dette biletet. Fleirtalet av nordmenn har dei siste åra fått mange fleire moglegheiter til personleg kommunikasjon på internett, epost og mobiltelefon enn dei hadde før. Men det følgjer ikkje automatisk med plikter til offentleg deltaking, og difor vert det lite av dét. Dei nye uttrykksformene og deltakingsmønstra står i fare for å bli redusert til subkulturelle nisjefenomen som fell utanfor offentlegheita, eller å bli korrumpert av store kommersielle føretak.

Nye plikter kan berre etablerast av politiske initiativ som argumenterer overtydande for at folk må engasjere seg i offentlegheita og i beslutningsprosessar. Utifrå dette blir det innlysande viktig å arbeide for at verkelegheita framtrer meir realistisk for folk enn den gjer no. Det trengst altså alternativ til den rådande medieorden.

Her har Marsdal og Wold radikale forslag. Dei foreslår ein reform av massemediene med vekt på statlege subsidier til frie initiativ og vanskeleggjering av kommersiell drift (s. 145), og dei peiker på økonomiske strukturar som ikkje bør få utfolde seg lenger (s. 151-52). Dette har potensiale i seg til å bli eit både ansvarsorientert og styringsdyktig alternativ vis dei arbeider vidare med det.

Men her er det stor ironi for Marsdal og Wold. For dei ser ikkje at det er journalistar som vil vere folk sine fremste motstandarar i kampen for å etablere eit alternativt mediesamfunn.

Journalistar, kjendisar og synsarar har hatt kvantitativt monopol på den offentlege sfæren i sytti år. Av 5.000.000 innbyggarar er det neppe meir enn 5.000 faste deltakarar i den norske offentlegheita, men det burde vore minst 500.000.

Under overflata er det ein maktkamp mellom dei priviligerte stemmene og den tause majoriteten, mellom journalistar og lesarbrevskribentar, mellom kjendisar og den misunnelege horden. Dette har Marsdal og Wold vanskeleg for å sjå.

Alternativ må byggast opp heilt utan bindingar til den kunnskapsøkonomien som rår i massemediene no. Ting kan berre endrast ved hjelp av eksperimentelle initiativ frå utsida, som kanskje slumper til å finne betre måtar å inspirere til ansvars- og styringsvilje blant folk. Som medieforskar arbeider eg for tida med ein prototype for massedialog ved Universtitetet i Bergen og Høgskulen i Volda. No veit eg betre enn før kva retning prosjektet bør gå i.

Tredje venstre gav meg ei oppvåking, og dei har teke eit initiativ som det er verdt å arbeide vidare med. Difor henvender eg meg til Marsdal og Wold med mine tre spørsmål: Kan ikkje individualisme vere uansvarleg? Må Tredje venstre vere skeptisk til makt? Kanskje me bør lage revolusjon i massemediene fyrst?