Til toppen

Publiseringskulturen blant seniorforskarar


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Vårt tidsskrift får ikkje inn mange nok vitskaplege manuskript til å kunna hevda at me publiserer det beste av norsk medieforsking, sjølv om me naturlegvis publiserer det beste av det me får inn. Ei rekkje yngre forskarar sender jevnleg inn manuskript til Norsk Medietidsskrift, og eit korps av fagfellar gjev konstruktiv respons på tekstane. Men sanninga er at NMT aldri har fått inn mange nok manuskript til å kunna ha ein stabil refusjonsprosent over 50, medan dette vert oppfatta som eit minimumskrav i førande internasjonale tidsskrift.

Er det norske forskingsfeltet for lite til at eit autoritativt tidsskrift kan veksa opp på norsk? Nei, eg trur ikkje dét er grunnen. NMT ville blitt ein (endå) betre fagleg arena dersom dei mest erfarne og kunnskapsrike medieforskarane sendte inn sine beste tekstar til oss. Det ville påverka standarden på norsk medieforsking direkte. Så kvifor gjer dei ikkje det?

Det kan virka som medieforskarane ynskjer å unngå den anonyme fagfellevurderinga. Særleg gjeld dette blant seniorforskarane, altså professorar og meritterte fyrsteamanuensar. Dei yngre forskarane er meir viljuge til å legga hovudet på blokka, medan seniorane oppfattar det som ein ubehagelig risiko å senda manuskript til NMT. Sjølv om det finst heiderlege unntak så er denne tendensen systematisk over dei seks åra eg har vore med i redaksjonen. Sakens kjerne er at NMT må tiltrekka seg ikkje berre dei yngre forskarane, men også dei eldre for verkeleg å få autoritet i fagmiljøet.

Det er også eit problem for NMT at forlaga gjev ut tekstantologiar over ein lav sko, for dette drenerer vekk mange gode manuskript frå tidsskriftet. Mange av desse antologiane har så liten intern samanheng i tekstane at det like gjerne kunne vore som eit utvida nummer av eit tidsskrift. Vurderingsprosessen i forlaga er ikkje så blind som i eit seriøst tidsskrift, og når det plutseleg er kort tid igjen til deadline kan det bli kutta i svingen.

NMT vil rekruttera artikkelforfattarar frå heile breidda av norsk medievitskap, og no for tida satsar me offensivt på å få med seniorforskarar i det redaksjonelle arbeidet. I fleire år har me hatt ei kommentatorspalte der du må vera professor for å bli invitert til å skriva. For 2010 har me professor Trine Syvertsen ved UiO som kommentator. Me rekrutterer også eit nytt redaksjonsmedlem i professor Elise Seip Tønnesen frå UiA i Kristiansand, som byrjar frå hausten 2010. Hennar fagfelt er resepsjonsstudier og barn og ungdom. I same manøver byrjar også fyrsteamanuensis Jon Raundalen frå NTNU i Trondheim, slik at vår filmvitskaplege profil vert styrka.

Ei vakker LP-skive prydar framsida på årets fyrste nummer. Dette tidsskriftet handlar kompromisslaust om medier. Her skriv forfattarane på ein akademisk i staden for journalistisk måte (med eit heiderleg unntak), og dét betyr at tekstane er lengre, meir reflekterte og med grundigare kjeldebelegg enn dagspressa. NMT inneheld difor tekstar som det nesten er umogeleg å dyrka utanfor den akademiske tidsskriftssfæren.

I dette nummeret har me tre akademiske tekstar utanom artiklane og bokmeldingane. I sin fyrste kommentar viser Trine Syvertsen at kandidatane frå master i medievitskap ved UiO har stor suksess på arbeidsmarknaden, og prøver å forklara kvifor. Filmvitar Erlend Lavik tek eit brutalt oppgjer med den norske filmkritikken, medan Yngvar Kjus og Vilde Schanke Sundet leverer ein syrleg kvantitativ analyse av mediene si sjølvopptattheit.

Dei tre vitskaplege artiklane handlar alle om det berømmelege temaet ’nye medier’, som Morgenbladet og andre kritikarar har omtalt som eit opportunistisk og overflatisk forskingstema. På kvar sin måte går dei inn i internettet sin rolle for respektive musikkulturen, den demokratiske debatten og læringskulturen i grunnskulen. Wenche Nag ved Telenor D&R har skrive artikkelen ”Musikkbruk og forretningsmodeller i en delingskultur”, Hallvard Moe og Olav Anders Øvrebø ved Universitetet i Bergen har skrive artikkelen ”Nettmedier og offentligheten. Vox Publicas netthøring om NRK-plakaten”, og Jesper Tække og Michael Paulsen frå Danmark skriv om danske forhold i artikkelen ”Trådløse netværk og sociale normer under forandring”. Desse artiklane er både empirisk grundige og teoretisk velfunderte, og gjer skam på Morgenbladet sine fordomsfulle avfeiingar av nye medier-forsking.