Til toppen

Mediene har alltid vore udemokratiske


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Massemediene i Norge er akkurat så mektige som du mistenker, og journalistane brukar makta si akkurat så udemokratisk som dei alltid har gjort.

Makta til å setja dagsorden for offentleg debatt har vore i massemediene sine hender i fleire hundre år. Journalistar og redaktørar fekk etterkvart så stor innflytelse at dei blei oppfatta som ei fjerde statsmakt. Dei overvåkar liksom dei tre statsmaktene regjering, storting og domstolar på vegne av sivilsamfunnet.

På ein måte er det bra at mediene har dette privilegiet. Samfunnet nyt jo godt av deira kritiske journalistikk fordi den førebygger maktmisbruk i alle sektorar av samfunnet, og jevnleg vert det renska ut moralsk svake menneske frå statsapparatet. Likevel er ikkje dette ein tilstrekkeleg kompensasjon for det systematisk skeive forholdet mellom massemediene og folk flest si dagsordenmakt.

For stor kontroll
Min påstand er altså at mediene har for stor kontroll over samfunnet si offentlege verksemd. I 2008 står massemedier som NRK, TV2, VG og Dagens Næringsliv på linje med regjeringa, Stortinget og domstolane når det gjeld reell makt i Norge, utan at borgarane har formelle muligheitar til å påverka måten dei vert styrt på.

Det største demokratiske problemet består i at mediene ikkje er viljuge til å skapa eit jambyrdig forhold mellom seg sjølve og sine millionvis av lesarar, sjåarar og lyttarar. Dersom borgarane si dagsordenmakt skulle auka, ville dei dominerande massemediene si dagsordenmakt minka, og her ligg problemet.

Gjennom fleire hundre år har me blitt opplært til å tru at mediene si dagsordenmakt er noko naturleg og sjølvsagt, og me har stor respekt for den. Eg vart letta då kronikkavdelinga i Bergens Tidende ville trykka denne teksten. For den som blir refusert er det ei mager trøyst at det finst bloggar, debattfora og nettverkssider på internett.

Fornying i framtida
Dei nye digitale arenaene har ikkje på langt nær den same dagsordenmakta som for eksempel BT, og er ikkje tilstrekkeleg etablerte til at det går an å stola på dei skapar genuin fornying i framtida. Same kor verdifulle dei er i liten skala så er dei (enno) ikkje truverdige som arenaer for nasjonal politisk debatt.

Bergens Tidende er ikkje ein blogg. Vanlege folk får i minimal grad delta i dei arenaene som verkeleg gjeld, og det er fordi mediebedriftene ikkje tenkjer på sine offentlege arenaer som eit allment gode, men som ein kunnskapsarena der berre dei spesielt kvalifiserte får delta (journalistar og andre maktelitar). Dei beskyttar sitt historiske privilegium mot ei utjamning som er fullt mogleg å gjennomføra både teknisk og sosialt, men som altså ville ha vore sjølvmord for dei tradisjonelle massemediene.

Månelandinga
Samanlikna med månelandinga og andre vellukka storsatsingar er det utvilsomt mogeleg for demokratiske samfunn å organisera massemediene slik at hundre- og tusenvis av menneske kan delta. I så fall ville samfunnets sine mange motstridande interesser ha blitt reflektert på ein mykje meir realistisk måte i offentlegheita. Men det ville altså gått på bekostning av slagkrafta til dei store mediene både når det gjeld reklameprisar og opplagstal, og difor skjer det ikkje.

Ein eksklusiv krets av folk har kontrollen over kva som vert sett på dagsorden, og dei beskyttar sine maktmidlar med nebb og klør, pluss at dei stadig forsøker å utvida basen sin. Også dei nye arenaene på internett og mobiltelefonen er nesten fullstendig dominert av desse kommunikasjonselitane, tenk for eksempel på VG Nett.

Mediene sitt solide grep
Dette dreier seg om medierådgivarar, spin doctors, journalistar, kjendisar, redaktørar, reklamefolk og PR-folk, pluss lobbyistar og politikarane sjølve. Alle desse yrkesgruppene er opne for overgangar seg imellom, slik at karrieren kan byrja på ein stad og slutta ein heilt annan stad. Det einaste som må vera stabilt er mediene sitt solide grep om sivilsamfunnet si offentlege merksemd.

Som sagt har mediene alltid vore udemokratiske. Men sidan mediene si dagsordenmakt har auka heile tida, er det demokratiske problemet også blitt større. Den siste store maktkonsolideringa føregjekk med overgangen frå partipresse til ein frittståande og stadig meir industriell journalistikk frå 1970-talet.

Systematisk undertrykking
Marknadslogikken som sakte men sikkert vart innført i norske medier har styrka dei enormt som samfunnsaktørar. Ikkje minst er den eit godt verktøy for å ta kontroll over dei veksande offentlegheitene på internett og mobiltelefonen. Alle marknader fungerer på ein opportunistisk måte, og samfunnsnytten oppstår når det er opportunt for mediebedrifta, men ikkje når det er opportunt for det norske samfunnet.

Eg skildrar ei systematisk, men godt skjult undertrykking av vanlege folk. Det er berre to ting folk kan gjera med dette problemet: enten å forsona seg med tilstandane og nyta dei vakre estetiske overflatene, eller organisera ein grasrotmotstand mot den etablerte mediemakta og arbeida svært langsiktig. Det er mest sannsynleg at folk veljer forsoning istadenfor grasrotmotstand.

Kven tar ansvar?
Satirerockarane Black Debbath stiller nokre viktige spørsmål om borgarane sitt handlingsrom: «Folk føler seg maktesløse, baby, ovenfor et byråkratisk apparat der kun høytstående hvitsnipper og snobber får fremme sin sak. Men hvem tar ansvar for å putte ordene i munnen på det tafatte proletariat? Ja hvem skal skal gi herr Kokko en stemme? Hvem sparker makttampene bak?» «Den femte statsmakt», 2004).

Kva sterke aktørar finst utanfor den sfæren mediene kontrollerer? Det er minst ein instans som har plikt til å sparka makttampane bak, og det er dei frie forskarane innafor medievitskap og andre samfunnsfag. Skattebetalarane forventar at frie medieforskarar overvåkar mediene si dagsordenmakt og slår ned på deira overgrep mot offentlegheita, men dette er ikkje tilstrekkeleg.

Udemokratisk kommunikasjon
Mitt hovudpoeng er at sivilsamfunnet treng gode alternativ til dei noverande massemediene. Digitale teknologiar har særleg stort potensiale for å skapa meir demokratiske og inkluderande kommunikasjonsformer, men då må deira beste potensiale dyrkast med tolmodigheit og utan krav om profitt.

Tradisjonelt ville dette vera NRK si rolle, men eg meiner altså at universitet og høgskular må ta på seg dette utviklingsarbeidet. Fagmiljøa kan samarbeida om å utvikla prototypar for betre kommunikasjon, og løysingane kan testast ut i samarbeid med studentar, politikarar og lekfolk. Dersom samarbeidet er vellukka, kan det føra til genuint nye måtar å kommunisera på i den offentlege sfæren.

Uansett korleis det blir gjort må massemediene sin udemokratiske kommunikasjon bli broten, slik at betre offentlege arenaer kan oppstå.